-og noko påskepynt er funne fram.
Det er ikkje mykje gult her i huset, foruntenom ein hjertekylling veslguten har kome heim med frå barnehagen. Eg likar nemlig ikkje gult, sjølv om det kan vera kult!
Eg ser fram til fleire fridagar på rad no, og dagane skal tilbringast med store og små vener. Og dei skal verkeleg nytast, med hyttetur, pinnakjøt, og speling. Me skal å sjå på lamma som allereie er komen, og i dag har me vore å mata nabo-hestane. Hest er det store her i huset om dagane, og det er kjempe spanande, sjølv om mammo sjølv heller er litt skeptisk.
Påskeegg høyrer til. Eg håpar påskeharen kjem.
Påskeegg høyrer til. Eg håpar påskeharen kjem.
Eg håpar alle mine gamle og nye lesarar vil få ei fantastisk påskefeiring, med eit herleg vær, og ei stor sol på himmelen.
GOD PÅSKE!

